En kulinarisk reise - et familieprosjekt

Måned: desember 2016

Jul uten risengrynsgrøt og klementiner

Jul uten risengrynsgrøt og klementiner

Jul Det nærmer seg høytid og det diskuteres i heimen; mine og dine tradisjoner, ribbe eller pinnekjøtt og hvor mye klementiner og marsipanpølser vi spiste i fjor. Julematen varierer etter både geografi og tradisjon, og mange av tradisjonene er flere hundre år gamle. I jula […]

Norsk salt – et lite eventyr på mørekysten

Norsk salt – et lite eventyr på mørekysten

North Sea Salt Works er en familiebedrift. Vi elsker mat og natur og vi elsker å leve her på øya ute i havgapet. Her har vår familie levd i mange generasjoner. Vårt mål er å lage verdens beste havsalt på en bærekraftig måte. Saltproduksjon Salt […]

Kvinnheringen 7. desember 2016

Skal berre eta norsk mat det neste året

KORTREIST JULEMAT: Paret Lene og Øyvind Havåg og dei to borna Helle (3) og Levi (2 mnd.) eksperimenterer med norsk mat. Her ser vi det heimelaga pinnekjøtet, laga av villsau frå Uksnøya. (Foto: privat).
KORTREIST JULEMAT: Paret Lene og Øyvind Havåg og dei to borna Helle (3) og Levi (2 mnd.) eksperimenterer med norsk mat. Her ser vi det heimelaga pinnekjøtet, laga av villsau frå Uksnøya. (Foto: privat).
Av Trude Aarsand

Kan ein leva av berre å eta norsk? Ja, det vil Lene frå Rosendal og familien hennar finna ut av. Så langt det går, blir det berre servert norsk mat i eit heilt år frå no.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Vi snakkar om Lene Havåg på Sunnmøre, dama som vaks opp i Ro-sendal med etternamnet Wilhelmsen. På Gurskøy har ho slått seg ned saman men mannen sin, Øyvind Havåg, og paret sine to born, Helle på tre og Levi på to månader. Desse to store og to små har som prosjekt å eta mat som er dyrka eller produsert i Norge i eit år. Prosjektet starta 1. november.

– Kva er ideen bak?

– Det begynte med at vi ofte har følt oss lurt i butikken. Enkelte matsortar er merkte på ein måte som indikerer at dei er norske, men så viser det seg at dei ikkje er det. Dette har vi forska litt på og blitt stadig meir interesserte i. No vil vi finna ut om det er mogleg å eta berre norsk mat gjennom alle sesongane, forklarer Lene.

Ho er sjølvutnemnd prosjektleiar, dessutan utdanna kokk med stor interesse for mat, mathistorie og småskalaproduksjon.

Reinare mat

Kvaliteten på maten betyr ein del for familien Havåg, derfor ligg ein viktig del av motivasjonen der.

– Er norsk mat betre enn annan mat?

– I alle fall tryggare. Norsk mat inneheld mindre tilsetjingsstoff, sprøytemiddel og antibiotika. Ettersom vi ønskjer å eta reinast mogleg mat, trur vi at norsk mat kjem best ut. Men det handlar om å følgja med, lesa på pakken og setja seg inn i kva det betyr. Mange kjøper mat som ber preg av å vera sunn, men det kan godt henda den inneheld stoff som ikkje er bra å eta, åtvarar Lene.

Nokre unntak har familien gjort, andre er under vurdering. Unntaka så langt er krydder, sukker, kaffi og øl.

– Vi passar på at det vi kjøper av desse sortane er foredla i Norge. Det er råvarene vi gjer unntak for, forklarer Lene.

– Blir det dyrare å kjøpa norsk mat?

– Råvarene kan nok i utgangspunktet vera litt dyrare, men vi handlar meir gjennomtenkt enn før og kjøper gjerne større kvanta av dei kvalitetsvarene vi får tak i. Småkjøp og impulskjøp er det så godt som slutt på, noko vi òg sparer på. Det blir spennande å sjå, men eg trur ikkje at vi kjem til å bruka meir pengar enn før på mat når året er omme, hevdar prosjektleiaren.

Eige pinnekjøt

– Brukar de mykje tid på prosjektet?

– Ja, det går ein del tid til å finna ut av ting og til å komponera matrettane. På den andre sida har vi alltid brukt mykje tid på maten. Vi er glade i mat, vedgår Lene.

Familien vil ikkje berre at maten skal vera norsk, han skal også vera så kortreist som mogleg. Det som blir produsert på Møre er difor føretrekt, ikkje minst mat frå småskalaprodusentar. Familien er også sjølv ein liten produsent. Til jul blir det heimelaga pinnekjøt av ribber frå villsau frå Uksnøya.

– Det er Øyvind som driv med slikt. Kjøtet er salta og tørka etter kunstens reglar og blir heilt sikkert godt, trur ho.

Familien er glad for at den gjorde alvor av å starta opp med dette litt uvanlege prosjektet. Interesserte kan følgja med på korleis det går på familiebloggen norgesmatfat.no.

– Arbeidsamt ja, men lærerikt, spennande og gøy!

Saudehaudfest på låven

Saudehaudfest på låven

Hva skal vi servere når vi skal invitere våre nye sambygdinger på middag for første gang? – Det må bli saudehaud! Villsau fra Uksnøya Familien til Øyvind har villsau på Uksnøya, ei lita øy ytterst i havet i Sandøy kommune, helt i grensa mellom Sunnmøre og […]

Volda elektriske Mylne (Mylnå)

Volda elektriske Mylne (Mylnå)

Det startet i 1864 Nikolai Rasmusson Heltne «Malar-Nikolai» kom til Volda fra Skien i 1864, han ble da en del av byggeprosessen til den vanndrevne «Guanomylnå på Rotset». Aarflot-karane som sto bak mente det skulle være forretning i å male korn for andre bønder, men […]